Einar Lunde
journalist og utenrikskorrespondent i Norsk rikskringkasting.
siste nyhetssending etter over 40 år i tjeneste
27. september 2010.
Fakta:
Einar Hallesby Lunde (fødd 13. mars 1943 i Oslo) er ein norsk kringkastingsmann.
Han byrja i 1968 som sommarvikar i NRK Dagsrevyen, der han frå 1970 vart fast nyhetsanker.
Frå 1982 til 1986 var Lunde NRKs Afrika-journalist, og var frå 1990 tilbake som nyhendeanker.
Lunde studerte ved Concordia College i Moorhead i den amerikanske delstaten Minnesota og ved Universitetet i Oslo (UiO).
Allereie i studietiden ved Concordia hadde han eit eige musikkprogram på den lokale studentradioen, og har seinare leidd to TV-aksjonar i NRK, den eine i 1981 og den andre i 1986.
Gjennom meiningsmålingar utført av Verdens Gang, Dagbladet og Se og Hør, er Einar Lunde sett på som ein særs troverdig nyhetsopplesar og journalist.
I 1986 vart han tildelt Brobyggerprisen og i 2006 fekk han Sjåarprisen.
Over ein toårsperiode frå 1973 til 1975 hadde Lunde permisjon frå NRK og arbeidd som programmedarbeider i Evangeliets røst i Addis Abeba.
Den kjende mediemannen og biskopen Sigurd Lunde (1916 - 2006) var hans far.
Den kjende teologiprofessoren og indremisjonsleiaren Ole Hallesby (1879 - 1961) var hans morfar.
Den siste sendinga til Einar Lunde var måndag 27. september 2010.
Då gjekk han av med pensjon etter 42 års teneste for NRK.
I sin pensjonisttilvere reiser Lunde mykje rundt i Noreg og leiar konferansar og debattar.
Han var sist i nyhendebiletet for å ha løyst ein hyttekonflikt mellom naboar på Grindholmen, ei øy i Sandefjord kommune.
Han er no til knytt til seg kommunikasjons- og rådgivningsselskapet First House som assosiert partnar.
Негізгі бет Einar Lunde siste sending 27. september 2010.
Пікірлер