Du kan ta med deg ein ferdigsuppe-pose på tur. Eller du kan førebu deg bittelitt, og lage tomatsuppe frå botn over bålet. Garantert betre - og garantert meir spanande!
Med Jotunheimen som kulisser, ynskjer vi å inspirere deg til å tenkje nytt rundt turmaten, og som her; på enkelt vis lage ei smakfull tomatsuppe med enkle midlar, ført i gryta av Jehans Bakke på Nordal Turistsenter.
OPPSKRIFT:
Her er ingrediensane i Jehans Bakke si tomatsuppe
(- og sidan kokken er "allergisk" mot oppskrifter, må du annsjå ho som vegledande. Her må det smakast til etterkvart!
Tomatsuppe til 3-4 personar:
140 g tomatpure
3 fedd hvitløk
1 halv stor chili
6 dl grønnsaksbuljong
1 dl kremfløte
150 g lettsalta sideflesk
Salt
Pepper
Sukker
Vi ynskjer deg ein skikkeleg nam-nam-tur ut i naturen - og lykke til med kokkinga.
Hugs; rundt bålet har ein støtt god tid!
PS: VÊR FORSIKTIG!🔥
Respekter lokale råd og evt. forbod mot opptenning av bål, og sørg for å ha bålet på trygg stad, der det ikkje medfører brannfare!
//
Foto og redigering: Mari Arnøygard Wedum, Visit Jotunheimen
Kokk og oppskrift: JEhans Bakke, Nordal turistsenter
Produsert 27. mars 2020
Негізгі бет MAT PÅ BÅL: Tomatsuppe
Пікірлер: 1