TURTIPS: Galdhøpiggen (2469 m.o.h.) frå Spiterstulen turisthytte
Tenkt deg til Norges tak? Her får du ein smakebit på kva som ventar deg om du går turen med start frå Spiterstulen turisthytte i Visdalen.
Turfakta:
Start: 1100 meter over havet på Spiterstulen
Stigning: 1350 høgdemeter
Lengde: 5,3 km. opp til toppen. Turen er totalt omlag 13 km. lang
Tidsbruk: Ca. 5 timar opp og 3 timar ned.
Utstyr: Vi anbefaler gode fjellsko - da turen går i ulendt terreng og mykje steinur. Ta med deg vind- og vanntette klede, lue og vottar. Hugs dessutan godt med mat og drikke i sekken!
TIPS! Om våren er det ofte mogleg å spare litt tid nedatt, ved å ake på snøfonnene som ligg att etter vinteren. Ta med romperacer eller plastpose!
Ynskjer du guide på turen, eller å gå via Svellnosbrean, er det berre å kontakte Spiterstulen bre- og fjellføring!
Meir informasjon om turen her:
www.visitjotunheimen.no/opple...
---
Foto/redigering: Mari Arnøygard Wedum
Medvirkende: Marte Sklet Johansen, Spiterstulen bre- og fjellføring
Turen vart gått den 26.juni 2020
Негізгі бет Turtips: Galdhøpiggen frå Spiterstulen | Visit Jotunheimen
No video
Пікірлер: 7